Improbable facts and fiction
Om sida

Dette er ein fotoblogg.

Eg heiter Andreas Steinnes Bjerknes og likar å fotografere.

Her inne vil det med ujamne mellomrom kome eit eller fleire nye bilete innan mange forskjellige kategoriar. Kva som ender opp her avhenger i stor grad av kva eg har holdt på med den siste tida, om det har skjedd noko spesielt eller om eg har vore på tur ein eller annan stad.

Eg er ikkje alltid like flink til å oppdatere med jamne mellomrom, slik at nokre gongar kan det kome mengder med postar og bilete i løpet av kort tid, medan det og kan vere perioder der det tek ei stund mellom kvar post.

Dersom du ser at det er ein viss skilnad mellom innlegg frå før 11. september og dei som er nyare, så har det rett og slett med at dei eldre innlegga har vore posta på eit anna system og at importeringa til WordPress dessverre ikkje får med seg absolutt alt.