Improbable facts and fiction
Varm start på nordlyssesongen

Nokre dagar er det heilt greit å arbeide litt seint. Når mørket senkar seg ser ein plutseleg både mindre og meir.

Måndag kveld skimta eg nokre blaff av nordlys på himmelen over Ulsteinvik, og tok turen til Gåsneset for å teste den nye 16-35mm’en til nordlystfoto. Det gjekk stort sett greitt, men eg kunne nok tenkt meg endå litt betre lysstyrke slik som forholda var.

Etter ein rekordvarm sundag, heldt det seg også godt og mildt måndag, sjølv til langt utpå kvelden. Dette førte til eit problem som eg ikkje merka før eg kom heim for å sjå bileta på dataskjermen. Spreidd rundt på bileta var det ei rekkje kvite, raude og blå prikkar, på same stad på alle bileta. Dette er såkalla “hot pixels“.

Dette er sjølvsagt veldig irriterande, sidan eg då må bruke ein del tid på å få fjerna desse flekkane frå bileta. Etter litt undersøkingar skal problemet vere større ved kombinasjonen lange lukkartider og høge temperaturar, så eg er spent på å sjå kor mykje eg merkar av det når temperaturen går ned ti-femten grader.

Nordlyssesongen er uansett igang, og truleg blir det ikkje siste nordlysbiletet på bloggen i løpet av året.

Leave a comment: