Improbable facts and fiction
Haustleg elvetur

For ei tid tilbake flytta eg til Ulstein. Like ved huset renn ei elv, som aukar og minkar alt etter kor mykje nedbør det har kome den siste tida. Akkurat i dag var den ikkje på det største, men eg tok turen for å prøve å kombinere litt haustlege fargar med rennande vatn.

Aller helst ville eg nok sett endå meir farge, gjerne meir oransje og nærare raudt, men ein får klare seg med det ein har. I dag testa eg også eit sirkulært ND-filter, som gir meg mogelegheita til å forlenge lukkartida ein heil del om eg skulle ønskje det.

 

Leave a comment: