Improbable facts and fiction
Bilete til interiørmagasin i Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt

For halvanna veke sidan hadde avisa der eg arbeider, Vikebladet Vestposten, og Møre-Nytt eit samarbeidsprosjekt om eit Hus, heim og interiørmagasin. Her er nokre av bileta eg tok i samband med dette magasinet, og ein artikkel om kjøkenleverandøren JKE Design si avdeling i Ulsteinvik. Alle desse bileta er frå eit hus i Ulsteinvik, der JKE Design og Svein Roppen AS har vore inne med nytt kjøken, to bad og røropplegg.

Sjå heile magasinet her (ekstern lenke)

Reint fototeknisk er det nok litt ein kunne sett fingeren på, kanskje spesielt i forhold til linjer, men med tilgjengelig lys og utstyr så vart ikkje resultatet så alle verst. Huset var i det minste fantastisk flott, og eg synest at det gjorde seg fint på bilete.

Leave a comment: