Improbable facts and fiction
Måneskinstur til Runde

Eg hadde eit håp om at nordlyset skulle ta turen til Sunnmøre igjen, men både skyene og sjølve hovudpersonen gjorde sitt til at det ikkje vart aktuelt i denne omgang. I staden fekk eg meg ein veldig flott tur på Runde. Eg gjekk frå Goksøyr over fjellet mot Runde fyr, og snudde i bakkane over fyret. Månen skein klart og sterkt heile kvelden, så det kan sjå ut på ein del av bileta som om det var lysare enn det faktisk var.

Turen var det uansett lite å utsette på. Det var stilt og fredeleg, eg hadde ein flott tur, og på slutten så traff eg ein sau teken rett ut av filmen “Black Sheep”.