Improbable facts and fiction
Egil på skavl

Egil på skavl
Må snart slutte å tenkte tilbake på påska, då alt var så lett, skia vart mykje brukt og snøen kom frå oven i heilt ufattelige mengder. I dag har eg skjønt kvifor eg studerer Nye Medier. Usikker på om eg kan forklare kvifor, men eg kan i det minste overbevise meg sjølv om at det er sånn. Berre sånn at du veit det, så har det eg skriv no veldig lite med dette bildet å gjere, men ettersom dette er ein fotoblogg, så må eg nesten legge ut foto også, sjølv når eg strengt tatt kunne klart meg med berre tekst.

Fantastisk sju(!) timar lang forelesning med Eirik Solheim frå NRKbeta.no. Veldig interessant, spennande, morsomt og heile den remsa der. Vart rett og slett inspirert, så det må eg prøve å utnytte. Skal få gjort noko i dag! Blir nok mykje surfing i dag. Surfing, planlegging og forhåpentligvis litt gjering.

Dersom du lurer på kva du skal gjere, så kan du søke på meg, eller deg eller noko anna spennande på Google. Dersom du f.eks finner ut at det står litt for lite om deg, så kanskje du må lage ei side om deg sjølv?

Leave a comment: